Nytt medlem i Hillevåg båtforening!

 

Jewell nr. 6 er på plass i Hillevåg båtforening. Var litt skeptisk til bøye og landfeste, men ser no, etter at seglsesongen går mot slutten, at det har gått greit. Vind frå aust er ikkje 

den beste der båten ligg; frå dei andre himmelretningane er det greit. Har hatt båten på tilhengar ein gong til inspeksjon, elles har han lege i sjøen. Sommaren var sånn passeleg, men hausten har vore flott; den siste seglturen var 23. oktober; båten går på land i veke 43.

Det er småting som skal oppgraderast i løpet av vinteren, men elles er eg godt nøgd med båten.

Mine tre motorar – ein to hestars Honda luftkjølt, ein fem hestars vasskjølt Mercury, og ein tre hestars ePropulsion elektrisk – er kanskje i det meste laget, men det har vore nyttig å testa dei ut. Hondaen er lett, men bråkar, Mercuryen er tung, men kraftig; den elektriske er ikkje for timevis i motvind, men heilt stille.  Har også brukt vrikkeåre til manøvrering – heilt greit i lite vind!

Jewell har sigla godt over forventning; me har gått forbi mang ein større seglbåt i løpet av sommaren – seier truleg meir om dei andres dugleik enn om min eigen….

Join the Conversation

  1. Hei, Erik<br />
    Nå ble jeg veldig overrasket over dine båtinteresser med spennende
    båt(er), blogg og firma. Dette må vi snakke nærmere om snarest.

Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *