Om frykt for Kina og Russland (Dag og Tid 21. februar 2020)

TJØNNS FRYKT

Journalist Halvor Tjønn teiknar eit dystert bilete av verda, der vårt vestlege demokrati blir truga av autoritære land under rask militær og teknisk oppbygging og med vondt i sinne. Han støttar seg på etterretningstenesta si trugsmålsvurdering.

Dag og Tid har to andre kronikørar som også fortel oss om vondskapen i verda – Krugman om USAs indre fiende i form av deira sjølvvalde president, og Ferguson om landets ytre fiendar.

 

Det går an å lesa verda på eit heilt anna vis enn Tjønn, Krugman og Ferguson, men då lyt ein ta eit steg ut av sin eigen politiske og kulturelle sfære.

 

Store deler av folk i verda ser USA/Vesten som hegemon – militært, politisk og delvis økonomisk. Skal ein bekymra seg når land som er USA/NATO militært langt underlegne vil utlikna denne balansen? Skal ein bekymra seg når eit stort land som Kina, med meir enn fire gonger så mange innbyggjarar som USA, hevdar sin rettmessige økonomiske og teknologiske plass – produksjon av julepynt og klede er greitt, men ikkje avansert elektronikk? Skal ein bekymra seg når land som Russland og Kina avviser vår modell for eit godt samfunn og hevdar sin rett til å velja eit samfunn tilpassa deira kulturelle eigenart? Skal ein underkjenna det russiske og kinesiske folkets støtte til eigne styresmakter – to land med ein høgt utdanna og godt informert befolkning – med at det ikkje veit betre og ikkje har andre val? Mange med meg vil svara nei på alle desse spørsmåla.

 

Har nokre land utanom USA/Vesten teke til orde for universalisering av sitt politisk-økonomiske system? Me blunkar ikkje når me eksporterer norsk forvalting rundt i verda, men om ein minister frå Mongolia påstod at deira forvaltningsmodell var universelt gyldig, og spesielt anvendbar i Norge, ville ingen ta dette på alvor.

 

Har nokre land utanom USA/Vesten (og Norge) gått til krig for påstått universelle verdiar og vern mot innbilte åtak dei siste tiåra?

 

Til Dag og Tid med skribentar: Ei verd der folk og land vel sitt politiske-økonomiske system fritt frå vestleg hegemonisk misjonsverksemd, moralisering, sanksjonar og krigar vil vera meir mangfaldig, og til tider meir kaotisk, enn verda i dag, men slett ikkje så farleg som de vil ha oss til å tru. Skriv meir om dette!

 

Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *