Kor går Kina?

Dei siste dagane har mange spurt meg om Kina. NRKs Urix har hatt innslag om Kina i denne veka, og har sitert China Digital Times, og ein norsk professor i Oxford. Ein nemner at Kina vil ta bort to-periode begrensinga på president-embedet, og ymse sensur av ord på internett.

Kinas presidentembete
Det kinesiske president-embetet er i hovudsak seremonielt, utan serleg politisk makt. At ein opnar for at ein kan vera president i Kina lenger enn ti år (altså to periodar) burde ikkje vera serleg meir sjokkerande enn at at den seremonielle norske kongen sit på livstid.

Imidlertid er det kinesiske president-embedet gjerne kombinert med posisjonen som generalsekretær i kommunistpartiet. Denne stillinga har reell politisk makt, og det er ingen periode-begrensningar, som det heller ikkje er for den jobben med mest politisk makt i Norge, altså statsministeren.

Kven er Kina- ekspert?

Den norske Oxford-professoren som Urix intervjua for nokre dagar sidan (Stein Ringen) har skrive ei bok om Kina, men kan ikkje, etter det eg kan finna ut, eitt ord kinesisk.

Lat oss sjå bort frå journalistiske skriveri, der det er lov å skriva om kva som helst utan å kunna så mykje om det, fordi det så og seia ligg i sjangerens natur. Men ville du lese ei akademisk bok om Norge av ein som ikkje kan norsk og aldri har budd i landet? Ville du høyrt på ein norsk USA-ekspert som ikkje kan engelsk, og som har fått det meste av sin informasjon av amerikanarar som kan norsk? Sjølvsagt ikkje, du ville avfeid slik skriving som dilletansk og amatørmessig, i beste fall journalistikk i akademisk kledebunad. Derfor; det fyrste eg sjekkar når ein "Kina-ekspert" uttalar seg, ofte med skråsikker autoritet, er om personen kan kinesisk. Er ikkje det tilfellet, har ikkje kommentaren større verdi enn gjennomsnittet av generell politisk synsing.

Fy-ord på nettet i Kina
Ja, me reagerer på dette, men ein kultur må skjønast både frå innsida og utsida.

Her er litt frå "innsida":
Ein bind ikkje saman ein sivilasjon i meir enn to tusen utan, til tider, strenge, og somme tider, brutale, verkemiddel. Les litt kinesisk dynastihistorie, så skjønar du dette.

To store tema i kinesisk sivilisasjon er stabilitet og harmoni. Sett frå innsida sikrar eittpartistaten stabiliteten i samfunnet, og ymse kontroll- og sensurtiltak sikrar harmonien i samfunnet, dvs. at ein ikkje skal finna hatske og oppviglerske ytringar som kan føra til eit uharmonisk samfunn. At dette i nokon grad går utover kultur- og samfunnsliv er sjølvsagt ikkje til å leggja skjul på. Men når det er sagt vil eg hevda at ho som leitar etter eit åndsfattig diktatur i Kina leitar forgjeves.

Og kor går då Kina? Eg veit ikkje; men etter å ha vore både observatør og delvis deltakar i utviklinga i nesten førti år, er det ingen grunn til å vera skråsikker om verken det eine eller det andre.

Comment

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *